annonse

Antibac og handvask på Handballfestivalen

Omgangssjuke
Omgangssjuke: Omgangssjuka på Askøy har også ført til utfordring for Handballfestivalen. (Foto: Henrik Mundal Andreassen/Arkiv)

Vassproblema og magesjuka på Askøy råkar også Handballfestivalen på Stord.

Magne Kydland

33 lag med totalt 300 spelarar, pluss foreldre og støtteapparat, frå Askøy var påmelde på helgas Handballfestival på Stord. Ein del av spelarane og foreldra har aldri komme så langt. Dei må nemleg halda seg heime grunna magesjuke, som følgje av det dårlege drikkevatnet i kommunen, melder tv2.no.

Styret i klubben jobba heile fredagen med å få oversikt over situasjonen, og sjekka med lege og styresmakter om det var forsvarleg å reisa.

– Me visste ikkje om me var smitteberarar sjølv om me ikkje var sjuke, men alle som ikkje har hatt symptom dei siste 48 timane har fått klarsignal til å reisa, fortel sportsleg leiar Hilde Daae Johannesen i Askøy IL til TV 2.

Les også: Handballfestivalen opna for 30. gong

Ho har ikkje oversikt over kor mange som har blitt heime, men fortel at dei som no er på plass på Handballfestivalen har fått råd om å vera ekstra nøye med hygienen. Leiinga i klubben har bede alle ta med Antibac, og vaska hendene ekstra godt.

– Fleire lagleiarar har spurt om reglar for lån av spelarar. Dette er det strenge reglar for i klassane over 12 år, men eg håpar at arrangøren er fleksibel på dette. Handballfestivalen har iallfall sagt at me er hjarteleg velkomne så lenge legen har godkjent det, seier Daae Johannsen til TV-kanelen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut