annonse

Blei best av dei norske

: No skal stordabuen følgja resten av landslagsgjengen i dei siste konkurransedagane, før det neste store målet for milslukaren blir NM i Haugesund om 14 dagar. (Foto: Eirik Førde)

Lars Lunde (18) frå Stord enda på 17.-plass på 5000 meteren under U20-EM i Eskilstuna i Sverige laurdag kveld.

  • Vebjørn S. Bjørkås

Med tida 15.10.19 enda Lars Lunde frå Stord på 17.-plass på 5000 meteren under U20-EM i Eskilstuna i Sverige laurdag kveld.
 
 
 
– Eg har ikkje heilt fått tid til å tenkja over resultatet, men det blei eit skikkeleg lureløp i svært sterk vind. Det var nesten 8 m/s, fortel Lunde på telefon like etter løpet.
 
 
 
Han slo landsmannen Markus Borge Harbo, som klokka inn til tida 15.28.68. Det heldt til 21.-plass av dei i alt 25 startande.
 
 
 
Lunde fortel at han etter kvart blei liggjande åleine mellom to grupper, og fekk det tungt i vinden.
 
 
 
– Eg låg fint plassert på ein 3.-plass då me passerte 3000 meter. Så byrja dei beste å setta tempoet veldig opp. Når desse byrjar å køyra, heng eg ikkje med, seier han.

Gjorde som planlagt

Trenar Nils Hetleflåt var også på plass i Eskilstuna, og fortel at Lunde følgde planen dei hadde sett opp på førehand.
 
 
 
– Han gjorde akkurat som han skulle, og låg fint inne med lista heile vegen. Sidan det var kraftig vind her i dag, visste eg det ville gå roleg i starten. Då dei beste sette opp tempoet, blei han liggjande i «ingenmannsland». Etter det handla det berre om å komma seg gjennom dei siste rundane, seier Hetleflåt.
 
 
 
Sjølv om tida ikkje var den beste, er Lunde greitt nøgd med plasseringa. Av dei som var fødde i 1997, blei Lunde 5. best.
 
 
 
– Eg var ranka som nummer 27 på førehand, og klarar å bli nummer 17 i dag. Det er vel greitt. Men det er klart at eg samlar ikkje på desse plasseringane, seier han.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut