annonse

Blytungt for damelaget

Bom
Bom: Helene Kringeland Aasheim fekk ikkje ballen i mål for Stord denne ettermiddagen. (Foto: Eirik Strømme Spjeld)
Dårleg stemning
Dårleg stemning: Trenar Bjarte Epland har det tungt etter ei sesonginnleiing med berre to poeng på sju kampar. Franny Bøthner, Malene Auestad og Oda Kyvik Skard fortvilar også. (Foto: Eirik Strømme Spjeld)
Stord-Fana 2 28-38 (12-18)

Stord sitt damelag gjekk på tap heime mot Fana 2 på søndag.

  • Eirik Strømme Spjeld

Stord-jentene gjekk til verket med tru på det etter kalassigeren mot Sotra tidlegare i veka, og det byrja også greitt for jentene til Bjarte Epland som leia både 3-0 og 8-5 tidleg i førsteomgangen. Det vart likevel tyngre etter kvart, og ved halvtid hadde Fana 2  snudd til 12-18. Stord heva seg noko ein periode etter pause, og seks minuttar ut i andreomgangen låg dei kun eitt mål bak bergensarane. Det skulle likevel ikkje vara, og det var Fana 2 som igjen festa grepet om kampen. Dei seig etter kvart meir og meir frå heimelaget, og då kampen var over stod det 28-38 på lystavla i idrettshallen. 

Stord står no med berre to poeng på sju kampar, og sesongen ser ut til å verta ein kamp for å overleva på divisjonssteget. Tabellen finn du her

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut