annonse

Christian Brink signerte for Stord

: Christian Brink er ferdig med profflivet for denne gongen og kan vera mellom Stord sine utvalde alt til møtet med Vidar 29. juni. Her vert han intervjua av TV 2 i høve kick-off på Ullevaal før debutsesongen med Sarpsborg 08Arkivfoto; Per Egil Larsen

Alt tyder på at Christian Brink vil vera mellom dei 11 kvitkledde som møter Vidar på Stadion 29. juni.

  • Jarle Kaldråstøyl

– Christian blir ein fin tilvekst til vår gruppa. Ikkje minst vil han bidra med mykje reint fysisk. I tillegg har han røynsle frå fotball på eit høgare nivå. Ikkje minst vil det kunne gje seg positive utslag i treningssituasjonen, seier Aaland. Han ser Brink som eit alternativ både framover og bakover på banen.

– Han er jo først og fremst forsvarsspelar, men han kan også bidra framover. Særleg ved dødballsituasjonar. Me ser fram til å få han med oss i gruppa, seier Stord-trenaren.

– Fint med ei avklaring

– Det er vorte mykje grubling i det siste, erkjenner Christian Brink. Han er alt i gang med pakking og opprydding i Sarpsborg.

– Ja, akkurat no er eg faktisk på Biltema og handlar noko å pakka i. Situasjonen elles er at eg no må ut i ei trettidagars karantene ettersom eg går frå proffkontrakt til amatørkontrakt. Frå før har eg lagt inn ein ferie frå 13.–20. juni. Etter denne vil eg vera attende på Stord, seier Brink. Han har alt fått ein jobb å gå til. Ein plass å bu er det neste som må ordnast.

– Eg kjem til Stord for å bli så me satsar først og fremst på å få kjøpt oss husvære, seier Brink.

I 2005 spelte Brink sin førre kamp for Stord. I snart ti år har han levd profflivet i både Norge og Sverige. Det er med andre ord ein rutinert spelar som har gått gradene i Stord si ungdomsavdeling som no returnerer.

Etter det Sunnhordland erfarer vil Brink gå vederlagsfritt til Stord. Brink har sjølv forhandla seg ut av kontrakten han hadde med Sarpsborg 08.

Agdestein neste?

– Ring meg om eit par dag, er svaret me får frå Magnar Aaland då me spør etter om også Torbjørn Agdestein er på veg attende til moderklubben.

– Me spelar jamt med dei fleste laga, men har hatt problem med å få utteljing. I den settingen er det klart at ein spelar som Torbjørn Agdestein vil vera interessant for oss, seier Aaland. Etter det Sunnhordland erfarer er det ting på gang for å få også Agdestein attende til Stord.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut