annonse

Dei beste råda til deltakarane

Nestor
Nestor: Nils Hetleflåt er mangeårig trenar i friidrettsgruppa til Stord IL. No gir han råd til deltakarane på det nye løpet Fossatrappo opp. (Foto: Stord IL / iDrift)

Nils Hetleflåt er nestor i friidretten på Stord. Her kan du læra smarte råd før trappeløpet til helga.

Vidar Hope

Fridrettsgruppa i Stord IL står bak det første trappeløpet på Stordafjellet. Laurdag går startskotet for iDrift Challenge: Fossatrappo opp. Etter det Sunnhordland kjenner til skal påmeldinga vera godt i gang til løpet som kan samaliknast med det meir kjende Stoltzekleiven opp i Bergen.

Distansen er rundt 800 meter, og høgdeskilnaden er på 200 meter – noko mindre enn søsterløpet i Bergen.

– Tidsmessig har me plassert det slik at dei som ønskjer det kan nytta vårt løp som test og oppvarming til Stoltzen, sa Reidar Nesse i Stord IL friidrett til Sunnhordland tidlegare i veka.

Arrangørane er spente på mottakinga av det nye løpstilbodet på Stord.

– Me legg opp til enkeltstartar med 30 sekund mellomrom. Starten vert ved bommen på Heio og målgang vert på øvste platået i trappa, sa Nesse til Sunnhordland.

Les også: Håpar nytt trappeløp på Stord blir ein tradisjon

I videoen over får du eksklusive råd frå friidrettsguru Nils Hetleflåt. Dei kan vera gode å ha med seg før ein legg ut på det heftige løpet rett opp.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut