annonse

Desse fekk støtte

Fekk pengar
Fekk pengar: Styreformann i Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad, Sven Arne Eidsvik (bak frå venstre), Ronny Årvik, Øyvind Epland, Arnfinn Saue, Jan Terje Aksnes, Nils Hetleflåt, Runar Øvrebø, Anne Gregersen, styremedlem Synnøve solbakken og Eva Mjånes. I midterste rekkje frå venstre styremedlem Yngve Bryn, dagleg leiar i Stiftelsen, Daniel Morso, og styremedlem Frøydis Sjo Fjellhaugen. I fremste rekkje frå venstre sit Alf Kåre Nonås, Kjartan Grov, Jan Hevrøy, Stian Sætre, Arne Jordåen Hilde Haugland Skår og Kari Økland Junge. (Foto: Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad)
Desse fekk støtte

Handballgruppa fekk 150.000 kroner til nye mål til Handballfestivalen.

Magne Kydland

Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad hadde gåvedryss over Stord måndag kveld.

Det var styret, saman med styreleiar Svein Arne Eidsvik og dagleg leiar Daniel Morso, som stod i spissen for utdelinga.

I denne runden vart det delt ut 350.000 kroner på Stord, mesteparten av pengane gjekk til idrett.

– Dette er andre gongen i år det vert delt ut gåver frå Sparebank 1 Kvinnheradstiftinga. Totalt i år er det delt ut 14 millionar kroner i kommunane Stord, Kvinnherad og Odda. Beløpet vert fordelt over desse tre kommunane etter kvar kapitalen er opparbeidd. Dette er mykje pengar som kjem dei frivillige til gode i Sunnhordland og eit viktig bidrag til at ein kan ha så mykje aktivitet. Det var god stemning under utdelinga i Sparebank 1 SR-Bank sine lokale på Heiane denne ettermiddagen, og det var svært takksame mottakarar som no kan gå tilbake til laga sine med desse kjærkomne gåvene, heiter det i ei pressemelding.

Les også: Desse laga fekk pengestøtte av Sparebanken Vest

Grunnen til at stiftinga kan dele ut så mykje pengar kvart år er eigarskapen stiftinga har i Sparebank 1 SR-Bank. Stiftinga har store aksjepostar i banken. Det er viktig at banken går god for at det skal koma dei lokale frivillige til gode.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut