annonse

Dommar sikta for seksuelle brotsverk

I varetekt
I varetekt: Idrettsdommaren i 20-åra har vore i varetekt sidan 8. juli. (Foto: Colourbox / illustrasjon)

Dommar i lokalfotballen arrestert og sikta for seksuell omgang med barn under 16 år.

Kjetil Østrem

Ein fotball- og handballdommar i slutten av 20-åra er arrestert og sikta for seksuell omgang med barn under 16 år, seksuelt krenkjande åtferd, i tillegg til framstilling av seksuelle overgrep og bilete som seksualiserer barn og unge.

– Me etterforskar samstundes om han har utnytta sin posisjon som dommar for å oppnå seksuell omgang. Dette er også aktuelt for personar over den seksuelle lågalderen på 16 år, seier kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Vikestrand i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Bekymringsmelding

Det var i byrjinga av juli at Vest politidistrikt tok imot ei bekymringmelding frå Norges Fotballforbund om den mannlege dommaren, som er tilknytt klubbane Kalandseidet Idrettslag og Os Turn si handballgruppe. Politiet har også motteke ei melding frå éin av dei fornærma i saken.

– Basert på desse opplysningane bestemte politiet å arrestera vedkomande 8. juli, og vidare for å setja mannen i varetekt, der han framleis sit, skriv Vikestrand.

Avhøyr

Sikta har dømt kampar for både fotball- og handballforbundet, der barn og unge har spela. Gjennom dommarvervet skal sikta ha kome i kontakt med unge spelarar og unge dommarar. I tillegg skal han ha hatt oppfølging av unge dommarar innanfor fotballen, skriv politiet i pressemeldinga.

– Politiet har avhøyrt ei rekkje personar, og vil halda fram med dette i tida framover. Parallellt med dette jobbar me med gjennomgang av elektroniske spor, som til dømes bilete og chatteloggar på mobiltelefonar og datamaskinar, seier Vikestrand.

I tenåra

Det går fram av pressemeldinga at politiet har identifisert fleire fornærma, og jobbar med å få ein oversikt over om det kan vera fleire. Dei fornærma som politiet kjenner til er utelukkande gutar. Av omsyn til etterforskinga ønskjer ikkje politiet å seia noko om talet på fornærma. Men dei fornærma skal ha vore i tenåra då forholdet skal ha skjedd.

– Saka er framleis i ein innleiiande fase. Sikta er avhøyrt av politiet fleire gonger og er samarbeidsvillig, seier Vikestrand.

Saka har høg prioritet hos politiet, i tett samarbeid med fotball- og handballforbundet. Politiet ber også om at folk som sit med relevant informasjon tek kontakt med politiet.

– Ingen melding

Så langt Stord-lensmann Roald Raunholm kjenner til så er ikkje Stord lensmannskontor part i etterforskinga av saken mot dommaren.

– Me har ikkje fått melding om oppgåver knytt opp mot saken så langt. Men det utelukkar ikkje at me ikkje kan få det. Det vil etterforskinga visa, seier Raunholm til Sunnhordland.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut