annonse

Ei historisk bragd

Jubel
Jubel: Hannah Stenersen vert omfavna av lagvenninene etter 2-0-scoringa i første omgang. Johanna Litlabø Eikenes til venstre og Ida Holm Neset til høgre. Alle (Foto: Eirik Strømme Spjeld)
Hovudpersonar
Hovudpersonar: Øyvind Mellemstrand flankert av Stord sine to beste spelarar denne kvelden. Sanne Bolette Dale Lekven til venstre og Hannah Stenersen til høgre.
Trenarduell
Trenarduell: Øyvind Mellemstrand gjekk sigrande ut av duellen med tidlegare lagkamerat Egil Østenstad(lengst til høgre). Arve Havnerås og Stig Johnny Leitet til høgre i biletet.
Sultefôra
Sultefôra: Det lokale fotballpublikummet, sultefôra på suksess, møtte opp over 400 i talet til denne J16-kampen.
Banens beste
Banens beste: Sanne Bolette Dale Lekven var banens beste i den historiske NM-sigeren mot Viking.
Stord-Viking 3-2 (2-0)

Stord J16 klarte det ingen fotballag frå Stord har klart tidlegare. Jentene til Øyvind Mellemstrand slo Viking 3-2 og kvalifiserte seg for semifinale i NM.

  • Eirik Strømme Spjeld

Heimelaget gjekk ut utan frykt mot laget frå oljebyen, og eit tilskodartal på over 400 såg ut til å inspirera jentene heller enn å gje dei nervar. Siddisane hadde rett nok ein del av banespelet også i den første omgangen, men det var Stord, med lynraske Sanne Bolette Dale Lekven og Hannah Stenersen i angrepet, som var farlegast. Dale Lekven sette inn det første målet etter ein dryg halvtime, og kort tid etter la Stenersen på til 2-0. 

Stor dramatikk

Då nemnde Stenersen vart tomålsscorar like etter pause byrja dei fleste å tru Stord skulle få det komfortabelt på vegen mot semifinale, men slik skulle det ikkje gå. Viking lukkast med å få ei tidleg redusering, og dei festa etter dette eit solid tak på kampen. Stord-forsvaret med Guro Hinderaker Pedersen i spissen rydda likevel godt unna, og den neste reduseringa kom ikkje før berre seks minuttar stod att av den ordinære speletida. 

Dette skulle verta bortimot ti minuttar med tillegget, og det vart ei nervøs avslutning på oppgjeret. Heimelaget fekk god støtte frå det talrike publikummet som reiste seg dei siste minutta for å mana fram dei siste kreftene i jentene ute på banen. Trass i eit par store sjansar fekk ikkje Viking ballen i nettet bak ei god Emma Jönsson i heimeburet, og då dommaren bles av kampen gjekk det fyrverkeri til himmels på Vikahaugane. Stord-jentene hadde klart det ingen Stord-lag i fotball har klart tidlegare – å kvalifisera seg for ein semifinale i NM.  

Sultefôra
Sultefôra: Det lokale fotballpublikummet, sultefôra på suksess, møtte opp over 400 i talet til denne J16-kampen. Foto: -

Stolte målscorarar

Sanne Bolette Dale Lekven vart heilt korrekt kåra til dagens beste Stord-spelar, men tomålsscorar Hannah Stenersen fortener også stor ære for den historiske sigeren. Dei to var ikkje i tvil om at dei hadde vore med på noko stort denne torsdagskvelden. 
– Heilt sjukt. Dette er noko av det største me har vore med på, jublar Stenersen. 

– Utruleg. Skikkeleg gøy å spela føre så mange og vinna her på heimebane, seier Dale Lekven. 

– Eg fekk nesten tårer i augo, legg Hannah Stenersen til. 

Jentene legg ikkje skjul på at dei er svært nøgde med laget dei er ein del av. 
– I dag er me stolte av oss sjølve og klubben vår, fastslår dei to jentene som går første året på fotball toppidrett på idrettslinja.

Strålande nøgd Mellemstrand

Ein av dei som skal ha mest ære for at jente- og damefotballen på øya har fått eit solid løft dei siste åra er Øyvind Mellemstrand som er trenar både for dette J16-laget og seniorlaget på damesida. Han hadde all grunn til å vera både nøgd og litt rørt i minutta etter kampslutt. 

– Dette var fortent. Jentene kjempa og slåst fantastisk i dag. Det har ikkje skjedd før at eit Stord-lag går til ein semifinale i NM, strålar Mellemstrand som gjekk sigrande ut av trenarduellen med kompis og tidlegare lagkamerat Egil Østenstad. 

– Var aldri trygg

Sjølv om mannskapet hans gjekk opp i 3-0 like etter pause visste han at ting ikkje var avgjort. 

– Eg var aldri trygg, og det vart spennande etter kvart. Viking var bra, og dei trykte på mot slutten. Eg er glad det ikkje var 2x45 i dag, seier Mellemstrand og siktar til at omgangane på dette alderstrinnet kun er 40 minuttar. 

Trenarduell
Trenarduell: Øyvind Mellemstrand gjekk sigrande ut av duellen med tidlegare lagkamerat Egil Østenstad(lengst til høgre). Arve Havnerås og Stig Johnny Leitet til høgre i biletet. Foto: -

Han kan ikkje få skrytt nok av denne gruppa med jenter. 

– Det er ein utruleg treningsiver og vilje til å verta betre. Mange av jentene går på toppidrett på vidaregåande no og får trening på dagtid, og me samarbeider godt med skulen med tanke på belasting, fortel han.

Gjev inspirasjon

Han håpar dette høgdepunktet i lokal fotballhistorie vil motivera dei yngre jentene i klubben. 

– Ei slik ramme rundt ein jentekamp må ha inspirert dei yngre, og me har gode kull som kjem opp også under dette 2001-kullet, seier Mellemstrand. 

Banens beste
Banens beste: Sanne Bolette Dale Lekven var banens beste i den historiske NM-sigeren mot Viking. Foto: -

No håpar Stord på heimekamp også i semifinalen. 

– Det er vanskeleg å seia, men det er ikkje heilt uaktuelt at me får heimekamp. Det kjem nok an på kven me møter, så spørst det om dei tek omsyn til ting som reisebelasting, sluttar ein strålande nøgd Øyvind Mellemstrand. 

Dei tre andre kvartfinalane vert spelt i løpet av helga. Øyvind Mellemstrand opplyser at semifinalane skal vera avvikla innan den første veka av oktober er unnagjord. 

Les også: Stjerneduell på trenarbenken
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut