annonse

Einar Iversen teken ut på U21-landslaget

På landslaget
På landslaget: NFF har teke ut Einar Iversen på U21-landslaget, som er hakket under A-landslaget. (Foto: Marius Knutsen)
Her er heile U21-troppen

Norges Fotballforbund har teke ut 17 år gamle Einar Iversen på U21-landslaget.

Kjetil Østrem

U21-trenar Leif Gunnar Smerud har funne plass til Everton-spelar Einar Iversen frå Stord i troppen sin, til kampane mot Finland og Russland i slutten av mars. U21-landslaget førebur seg til kvalifiseringa til EM i 2021 i september, då dei tek imot Kypros. Dei andre laga i Noreg si kvalifiseringsgruppe er Portugal, Nederland, Kviterussland og Gibraltar.

– Me har ein spesiell, og veldig gledeleg, situasjon i år, med eit U20-lag som skal til VM. Mange av spelarane som er med og kjempar om ein plass der, er heilt sikkert også aktuelle for oss når haustens EM-kvalik tek til. Det gjer at me no har høve til å sjå ein del andre spelarar på dette nivået, og me har valgt å gå for ein ung og spennande tropp. Me har 98-gutar som er dei eldste og som fort kjem til å bli ei stamme i dette laget, og vi har nokre 99-gutar som også er med og konkurrerer om VM-plass. I godt samspel med klubbane har me også nokre unge 01-gutar som får sjansen, ettersom 00-laget er opptekne med EM-eliterunde. Eg forventar at desse 01-gutane, som var i U17-EM og gjorde det bra i fjor, skal bita dei andre i leggen, og bidra til ei god samling, seier Leif Gunnar Smerud til fotball.no.

Reportasje: Slik er fotballivet til Einar i England (+)

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut