annonse

Epland og Lunde med sterke resultat

Topplasseringar
Topplasseringar: Lars Lunde (716) og Pernilla Epland (726) representerte Stord IL i Langs Åkrafjorden. (Foto: Presse)

Løpet Langs Åkrafjorden blei enkel match for formsterke Pernilla Epland.

Vidar Hope

Stord IL-løparen kom i mål på tida 39.19, halvanna minutt før Maryna Novik på andreplass. Klubbkamerat Lars Lunde greidde andreplass i herreklassen med tida 34.07. Okubamichael Fissehatsion vann med tida 33,19. Løypa er på 11 kilometer.

Les også: Jacob Vaula imponerte i junior-NM

Epland vann 10.000 meter i NM på Byrkjelo sist veke. Ho sprang inn ny løyperekord i løpet Åkrafjorden, som blir arrangert av IF Klypetussen. Totalt deltok 145 på løpet, det inkluderer deltakarane på barneløpet inne på målområdet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut