annonse

Feiande flott fotball i Avaldsneshallen

: Gutane storkoste seg i Avaldsneshallen i helga. Tidlegare på dagen var 40 jenter i årskulla 2002 og 2003 i aksjon.
: Morten Tislevoll er ein rutinert trenar i Sunnhordland og ein del av Hordaland fotballkrets sitt trenarkorps. Her er det Hanna Ytrøy (Bremnes), Tuva Skare Jørgensen (Stord), Mari Mæland (Bremnes), Ingjerd Gjøsæther (Bremnes), Malene Grov (Trott), Ida Vatna (Trott) og Hanna Litlabø (Stord) som får gode tips av den tidlegare storskåraren i Stord fotball.

  • Svein Ove Eikenes (Soneansvarleg Sunnhordland)

Å vera fotballspelar vinterstid kan vera utfordrande. Harde banar og snø kan dukka opp og då er det ikkje lett å få fart på ballen, beina, hovudet og spelet – og kvar og ein kan slita litt med motivasjonen. Godt det fins fine fotballhallar rundt omkring som ein kan krype inn i. Det har over 120 flinke fotballspelarar frå stort sett alle klubbane i distriktet vårt fått oppleve denne vinteren gjennom spelarutviklingsprosjektet Sone Sunnhordland. Prosjektet er eit tilbod for dei ivrigaste fotballspelarane i distriktet i årsklassane 2002-2003-2004. Totalt samlar tiltaket over 120 spelarar frå Fitjar i nord til Bømlo i sørvest og Rosendal og Odda i øst. Sone Sunnhordland har vore i gong gjennom fleire år og det meste av aktiviteten skjer utanom sesongen på vinterstid. Opplegget sorterer under Hordaland Fotballkrets, og er siste steget før kretslaget. Dei ulike sonesamlingane er lagt til ulike stader i distriktet, dette for å dele på reisebelastninga, og samstundes ta i bruk heile Sunnhordland. No i vinter har Sone Sunnhordland besøkt fleire fotballhallar på Haugalandet. Ein har vore i Haugarhallen, Storhall Karmøy, og no i helga var det samling i Avaldsneshallen. Kjekt å komma innomhus – det gir alltid ein ekstra gnist og glød. På samlingane er det først informasjon om dagens økt frå kyndige og skulerte trenarar, så oppvarming og ulike stasjonar knytt til ulike tema. I år har Norges Fotballforbund sitt opplegg ”Landslagsskolen” med ulike tema og øvingar vore på agendaen. Etter lunsj vert det internkampar med blanda lag. Tilbakemeldingane frå både spelarar og trenarar fortel at mange tykkjer det er kjekt å koma på sonesamling for å måle krefter mot andre – og samstundes ta med seg inspirasjon og motivasjon heim til vidare arbeid og framgang.

Klikk for å sjå kommentarar ()