annonse

Følg dramatikken på stadion

MANGE FOLK
MANGE FOLK: Over 400 hadde teke turen for å følgja kampen som kan gje eit Stord-lag plass i ein NM-.finale i Telenor Arena. (Foto: KJETIL ØSTREM)
NERVØS
NERVØS: Kaptein Martine Mellomstrand fortel om en nervøs, men gira gjeng med spelarar. (Foto: KJETIL ØSTREM.)

Klokka 15 braka det laus på Vikahaugane. Her kan du følgja dramatikken.

Kjetil Østrem

På Sunnhordland si Facebook-side, som ligg inne i denne saka, kan du få oppdateringar frå kampen. Kampen enda til slutt med siger til Stabæk.

– Me er ganske nervøse alle saman, men gira. Og så lenge me gjer vårt beste så skal me vera nøgde. Uansett så håpar me på siger, seier kaptein på Stord J16, Martine Mellomstrand til Sunnhordland før kampen.

Samla til møte

Stord startar med same lagoppstilling som i kvartfinalen mot Viking, i det som er den første NM-semifinale i fotball på Stord.

– Korleis har oppladinga vore?

– Alle har vore samla og ete. Dessutan har me hatt eit møte og snakka om kampen, seier kapteinen.

(saka held fram under videoen)

Capsen klar

Keeper Emma Jønsson er også klar til kamp, sjølv om ho hadde ynskt seg overskya ver. No er det både vind og sol.

– Eg er vant med dette, så det får gå bra. Men eg har ein caps i bakhand om sola vert vanskeleg, seier ho.

Som på Nou camp

Trenar Øyvind Mellomstrand er spent før oppgjeret, og har akkurat same kjensla som han hadde då han spela europacupkamp mot Barcelona på Nou Camp.

– Eg ventar meg ein tøff og tett kamp. Og det laget som klarar å fokusera på spelet på banen, og ikkje alt på tribunane og ramma rundt kampen, vil gjera det best, seier han.

Han veit lite om Stabæk, og seier jentene vil fokusera på sitt spel.

Arve Havnerås, som også er i trenarteamet, er særs nøgd med oppslutnaden om kampen. Han fortel om godt trykk i både foreldre og spelargruppa, og at dei håpar å gjenta det dei klarte i kvartfinalen mot Viking.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut