annonse

– Det er berre å tenkja mål

Målform
Målform: Thorstein Horneland Hildal har scora 8 mål på dei 3 siste kampane. (Foto: Marius S. Tollaksen)
Ros frå trenaren
Ros frå trenaren: Kjell Petter Neset seier at Hildal kan nå så langt han berre vil. (Foto: Marius S. Tollaksen)
Stord G19-Åsane 4–1 (4–1)

Torstein Horneland Hildal har vore ein målgarantist for Stord i det siste. I NM-kampen mot Åsane klinka han inn to nye og sikra Stord historisk avansement.

  • Marius S. Tollaksen

I den steikjande sommarsola vart dei nærare 200 tilskodarane vitna til målfest på Stord stadion. Kampen starta med eit smell. Stord utnytta slurv i bakre rekkjer hjå Åsane, og kaptein Sander Landa Vik sette inn 1–0 etter berre 3 minutt.

Minuttar etter svara Åsane, og Joel Mvuka utlikna til 1–1. Oransje-trøyene sin klart beste spelar i kampen.

Så kom tre minutt med effektivitet av Thorstein Horneland Hildal. Først runda han keeper, og sette inn 2–1. Få minuttar seinare kom han fri på venstresida, og la ballen i lengste hjørne til 3–1.

Pressa på

Vidare pressa Åsane på og var farleg frampå ved gjentakande anledningar. Dei sette ballen i mål to gongar bak Stord-keeperen, men linjedommar var oppe med offside-flagget begge gongane.

Då ikkje laget frå Bergen klarte å omsetje sjansar i scoring, slo heimelaget til igjen. Rett før pause blei Sondre Bjørk spelt åleine med keeper, og kontrollerte inn 4–1. Urettferdig, meinte dei stadig oppgjevne bergensarane.

Det var det siste som skjedde i den første omgangen, og spelarane gjekk inn til pause til «Jippi Jai Jai Jippi» rungande på anlegget.

– Eg er aldri roleg. Me veit Åsane er eit godt lag, så sjølv på 4–1 klarar eg ikkje roe nervane, sa Stord-trenaren.

Andreomgangen vart derimot aldri spanande og kan seiast kjapt og enkelt: Duellar, innkast og klareringar. Omgangen enda mållaus, og dommar blåste av kampen til sluttresultatet; 4–1.

Målgarantist

Thorstein Hildal har vore «on fire» i det siste. Han har scora 8 mål på dei 3 siste kampane, og noterte seg for to nye torsdag. Sjølv meiner han den hemmelege oppskrifta ikkje er så avansert.

– Det er berre å tenkja mål. Når andre ropar på ballen, er det kanskje betre at eg scorar sjølv, smilte Hildal i målform.

Trenar Kjell Petter Neset hausta lovord om ungguten etter kampslutt.

– Han har ekstreme kvalitetar. Me har pusha på at han må skyte meir, fordi me har visst kva som bur i han. No får han endeleg løn for strevet, konstaterer ein nøgd Karl Petter Neset.

Historisk

Stord junior har aldri avansert så langt i eit NM nokon gong. Det er no berre 16 lag att i NM.

Av dei laga er det verdt å nemna at både Viking, Brann, Vålerenga og Rosenborg er lag Stord kan møte. Neste runde blir spelt ein gong i august.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut