annonse

Gambiske fotballspelarar fekk drakter frå Stord

Gode som nye
Gode som nye: Desse gambiske fotballspelarane er takksame for draktene dei har fått. Kanskje ser me fleire av dei i ein større liga om nokre år? (Foto: Privat)

– Det er for gale å kasta flott utstyr, seier Steinar Nordhus.

Vidar Hope

Nordhus er eldsjela som har samla gamle drakter frå fotball- og handballgruppene til Stord IL. No har idrettslaget kledd opp både ungar og vaksne i byen Serekunda, vest for hovudstaden Banju i Gambia.

– Me skiftar ut draktsett innimellom, alt etter kva sponsoravtalar me har. Difor ligg det fullt brukande drakter i skap og lager på Vikahaugane, seier dagleg leiar Bjørn Lindgård i Stord IL til Sunnhordland.

I fjor haust rydda idrettslaget i drakter, shortsar og sokkar som kunne delast ut til andre, i staden for å kastast. Ettersom Steinar Nordhus har engasjert seg, var det naturleg å senda utstyret til Gambia.

– Steinar har spurt oss jamt og trutt om me ikkje har drakter som kan bli gjeve vekk, seier Lindgård.

På Vikahaugane kunne Nordhus henta 12-15 store esker fulle av draktsett. Desse blei køyrt over fjellet til Oslo, der ein person i det gambiske miljøet koordinerte frakta vidare. Resultatet ser ein på biletet øvst i saka.

Nordhus planlegg ny sending til våren.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut