annonse

Går til erkerivalen

Forlèt Stord
Forlèt Stord: Rune Åsheim Mo har signert for Os, der han skal vera spelar, vera ein del av trenarteamet, og får hovudansvaret for ungdomsakademiet. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Rune Åsheim Mo har signert for ein ny klubb.

Magne Kydland

Rune Åsheim Mo er klar for Os. Det melder klubben sjølv på nettsida si.

– Mo er klar for fleire spennande oppgåver i Os Fotball. Han får ansvaret for ungdomsakademiet, som er ei ny ungdomssatsing for spelarar i alderen 16–19 år, i tillegg til at han vil styrka FFO-tilbodet til klubben og ha nokre administrative oppgåver. Rune er samtidig ein god fotballspelar og er klar til å ta del i det nykomponerte trenarteamet rundt A-laget som spelande assistenttrenar, heiter det på nettstaden.

Mo, som i fjor haust hamna i krangel med Lysekloster, er no altså klar for både Lysekloster og Stord sine rivalar i neste års 3. divisjon. Mo har også spelt for Trio, Brann 2 og Nest Sotra.

Midtbanespelaren var svært delaktig i at Stord berga plassen i 3. divisjon i haust, og han var sterkt ynskt vidare på Stord.

– Eg er veldig klar og gler meg stort. Etter gode samtalar med Endre Brenne (hovudtrenar, journ. mld), som var veldig entusiastisk rundt arbeidet med spelarutvikling og A-laget, blei eg veldig motivert. Eg trur eg kan utvikla meg som både trenar og spelar i eit miljø med slike folk. Eg har også lyst til å vera med å byggja opp noko, og då trur eg Os Fotball er ein god plass. Samtidig føler eg Os og Stord er ganske like i forhold til at det er stor entusiasme rundt klubbane, noko som er veldig givande. Eg ser også fram til å arbeida med ungdomsakademiet. Det er ei spennande og viktig aldersgruppe. Vonleg kan eg også bidra til å utvikle gode fotballspelarar som kan komma A-laget til gode, seier Rune Åsheim Mo til nettstaden.

Sportsleg leiar Jan Frode Skeie er godt nøgd med å få på plass ei viktig brikke før 2019-sesongen.

– Det var viktig at me både fekk på plass ein spelar og trenar som kan vera med å utvikle ungdomsfotballen i Os, og samtidig bidra sportsleg på banen. Me vil satsa på trenarkrefter mot dei yngre i klubben, og no også dyrka dei som er frå 15 til 19 år. Me har også gode referansar på at Rune er ein utruleg flink og hyggjeleg type, i tillegg til å vera ein god fotballspelar. Han er ein klubbmann og kan minne litt om Endre. Slike personar veks ikkje på tre, og at han ønsker å bruka tida si på Os Fotball er eit godt teikn for klubben. Han er ein mann for framtida som kan vera her i mange år, seier Skeie.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut