annonse

Gjer klart for NM på parkeringshuset

NM
NM: Over 60 banar skal lagast på toppen av parkeringshuset på Amfi Stord neste år. Då vert det arrangert NM i pétanque. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Stord får NM i pétanque neste sommar. Då må parkeringshuset i bruk.

  • Eirik Strømme Spjeld

Berre dagar etter at Stord Snookerklubb vart tildelt NM, fekk også petanqueklubben same gladmeldinga frå deira forbund. Laurdag vart det offisielt at Stord får NM i juni neste år, noko som er ei fin fjør i hatten til klubben som har hatt stor aktivitet etter oppstarten i 2013. På Facebook-sidene til klubben står det å lesa at Norgesmeisterskapen skal arrangerast på Amfisenteret i Leirvik sentrum.

– Det blir stort, og veldig stas, melder klubben på Facebook.

Det er øvste nivået på parkeringshuset på Amfi som vert arena for spel, med om lag 60 banar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut