annonse

Håpar på tusen deltakarar

Suksess
Suksess: Sunnhordland Maraton blei arrangert for første gong i år. 4. mai neste år blir det ny løpsfest. (Foto: Marius Knutsen)
Motivert
Motivert: Reidar Nesse, her med barnebarnet Synne Nesse Alsaker, og dottera Susanne Aarskog Nesse. (Foto: Marius Knutsen)

Håpar å dobla talet på deltakarar i den andre utgåva av Sunnhordland Maraton.

Vidar Hope

Laurdag 4. mai 2019 skal det endå ein gong bli folkefest og folkehelsedagar i Leirvik sentrum. Stord IL friidrett er godt i gang med å planleggja neste års arrangement.

Ønskjereprise

Reidar Nesse og gjengen i Stord IL friidrett seier dei nesten berre har fått positive tilbakemeldingar etter tidenes første maratonløp på Stord.

– Tilbakemeldingane var veldig gode og alle oppmoda oss om å gjera dette igjen, seier han.

Opp mot 70 personar var aktive på sjølve arrangementsdagen med å avvikla løpa.

– I tillegg til våre eigne frå friidrettsgruppa hadde me med oss 15–20 personar frå seniorgruppa til turlaget, åtte-ti frå sykleklubben og ein del mannskap frå Røde Kors, seier Nesse.

Les også: Olav (47) sprang halvmaraton med krykkjer

Vil nå tusen

Påmeldinga til Sunnhordland Maraton 2019 startar i dag. 515 fullførte løpet sist. Nesse har eit mål om å nå eit firesifra tal.

– Kva type folk er det som melder seg på?

– Det er ei lett blanding. Du har jo nokre maratonløparar som deltek i alle løp for å ha det på CV-en. Og så er det mange mosjonistar på alle plan. I tillegg var det ein god del med tilknyting til regionen som kom heim for å springa maraton, seier han.

Motivert
Motivert: Reidar Nesse, her med barnebarnet Synne Nesse Alsaker, og dottera Susanne Aarskog Nesse. Foto: Marius Knutsen

Les også: Søk i resultatlistene frå Sunnhordland Maraton 2018 her!

Tilbyr kort løype

Arrangøren kjem ikkje til å gjera store endringar. Løypene blir som sist, men det blir vurdert å gjera noko med rekkjefølgja. Nytt av året blir ei ny løype på fem kilometer. Traseen til denne er enno ikkje heilt avgjort.

Nesse fortel at Tom Erling Kårbø, som har starta i ei deltidsstilling i Stord IL friidrett, vil jobba vidare med maratonarrangementet framover.

PS! Påmeldinga har starta. Gå inn på Sunnhordland.no/blimed.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut