annonse

Har invitert fotball-topp til folkemøte i Sagvåg

Til Sagvåg
Til Sagvåg: Roald Bruun-Hanssen skal gje innbyggjarane i Sagvåg inspirasjon om idrettsanlegg når han deltek på folkemøte onsdag. (Foto: Anita Haugland / arkiv)

Frivilligheit, møteplassar og ny ungdomsskule står på agendaen.

Vidar Hope

Den tidlegare daglege leiaren i Brann, Roald Bruun-Hanssen, kjem til Sagvåg for å inspirera innbyggjarane onsdag. Bergensaren skal fortelja om tankane bak Arena Nord i Åsane, eit idrettsanlegg som kjem til å bli det største i Norge, tilrettelagt for meir enn 15 idrettar.

Det melder Sagvåg Forum, som har teke initiativ til folkemøtet på Sagvåg skule onsdag kveld.

– Kommunen går snart i gang med bygginga av ein flott ungdomsskule på Nysæter. Basert på dei siste tilbakemeldingane ligg forholda då godt til rette for at bydelen i tillegg kan få møteplassen som har vore etterlyst i lengre tid. I møtet ønskjer me å ta utgangspunkt i denne møteplassen og få innspel på korleis me kan samarbeida om å gjera denne best mogleg, skriv Guro Betten i Sagvåg Forum i ei pressemelding.

Les også: Solid-sjefen jublar over det politiske signalet

Ho håpar at innbyggjarar, lag- og organisasjonar, næringsliv, politikarar og representantar frå kommunen kjem på møtet.

– Slik at me saman kan drøfta korleis me får ein skule, eit aktivitetshus og ein møteplass som heile kommunen kan vera stolt av, seier Betten.

– Me legg opp til positivt folkemøte, som eit første steg på vegen mot å få fylt Nysæter ungdomsskule med mykje godt innhald, både før og etter skuletid, seier Betten.

Les også: Koalisjonen går for 25 meters basseng på Nysæter

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut