annonse

Har passert 1.000 påmelde deltakarar

Rekord
Rekord: No har over 1.000 meldt seg på Sunnhordland maraton, som går av stabelen laurdag 4. mai. Det er om lag dobbelt så mange som fullførte i fjor. Blant dei var Jon Tonnessen og Bjørn Tore Enerstvedt. (Foto: Marius Knutsen/Arkiv)

Milepålen vart nådd onsdag klokka 12.

Magne Kydland

Omtrent i lunsjtid onsdag passerte deltakartalet på Sunnhordland Maraton, som går av stabelen om ein månad og ein dag, 1.000.

Reidar Nesse i arrangørstaben er strålande nøgd.

– 1.000 deltakarar i 2019 var eit overordna mål for oss, så det må reknast som ein milepåle no når dette talet er nådd, seier ein nøgd Nesse.

Les også: Nytt treningsprogram for å komma i form

Slik det ser ut no vil det bli heilt fullt på 10 kilometeren. Her er det berre 30 plassar att av totalt 500. Også den kortaste distansen, 5 km, byrjar å bli full. Her er det 47 plassar att av totalt 200.

– På halvmaraton er det enno 102 plassar igjen, men me håpar det skal fyllast opp. Kanskje folk som hadde tenkt seg 10 km må velja halvmaraton når det blir fullt på 10 km. På maraton er det berre 29 påmelde, og me når nok ikkje taket på 100. Det har me for så vidt teke høgde for med å utvida frå 450 til 500 på 10 km. Totalt trur eg på ein plass mellom 1.150 og 1.200 påmelde deltakarar, seier Nesse. 

I fjor var det litt over 600 påmelde, og der 515 fullførte løpet.

Les også: 39 av 55 skal springa Sunnhordland maraton

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut