annonse

Har passert 100 påmelde

I trening
I trening: Mange har alt lagt seg i trening, med Sunnhordland Maraton om knappe fire månader som mål. Til no er det over 100 påmelde, noko Reidar Nesse (t.v.) og Runar Øvrebø i arrangementskomiteen er godt nøgde med. (Foto: Eirik Strømme Spjeld / arkiv)

Sunnhordland Maraton er populær.

Magne Kydland

Berre eit par veker etter at det vart opna for påmelding, er det over 100 påmelde til Sunnhordland maraton, som går av stabelen laurdag 5. mai. Det er Reidar Nesse i Stord Friidrett godt nøgd med.

– Me har akkurat no 102 påmelde til Sunnhordland Maraton. Av desse er 43 kvinner og 59 menn. Det er så langt ni på maraton, 59 på halvmaraton og 34 på 10 km. Me er godt nøgde med påmeldinga til no, og me registrerer stor interesse for arrangementet, fortel Nesse, som oppmodar folk om å melda seg på i god tid, av fleire grunnar.

Les også: Arrangerer maraton på Stord for første gong

– For at me skal få nokolunde oversikt over kor mange det kan komma til å bli, det har med planlegginga vår å gjera. I tillegg stig prisane den 1. mars, minner Nesse om.

Peter Tubaas: – Endeleg eit maraton i Sunnhordland

Sunnhordland på leiarplass: Spennande satsing

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut