annonse

Hundre­årets idretts­helt

: Kjell Storelid er hundreårets idrettsnamn på Stord. F.v. Stord IL-leiar Magne Jostein Mikkelson, Kjell Storelid og ekshandballspelar Bjørn Lindgård. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
: Her får Kjell Storelid delt ut prisen av Stord IL-leiar Magne Jostein Mikkelson og Reidar Hystad, dagleg leiar i Mediehuset Sunnhordland (til høgre). (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
: 1300 møtte opp på Stord IL turngruppa si juleavslutning, som også markerer slutten på Stord IL si 100 års feiring i 2014. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Kjell Storelid til topps i stor kåring.

Henrik Mundal Andreassen

Under Stord IL turngruppa si juleoppvisning på Vikahaugane søndag var det Kjell Storelid som stakk av med tittelen hundreårets idrettshelt i Stord IL.
 
 
 
ALT OM KANDIDATANE
 
 
 
 
Skeisaren frå Stord er kanskje mest kjend for sine OL-sølv på 5.000- og 10.000-meter i OL på Lillehammer i 1994.

Mållaus

– Heilt utruleg, eg er veldig stolt. Utruleg kjekt å bli sett pris på, fortel Kjell Storelid etter prisutdelinga.
 
 
 
I lag med Storelid var det også ti andre kandidatar framme på golvet i nyehallen på Vikahaugane. Storelid ynskjer å retta merksemd mot desse også.
 
 
 
– Dei andre kandidatane har med den jobben dei har gjort, og det miljøet som var når eg trente sjølv var jo det som gjorde at eg fekk den karriera eg hadde, held skeisekongen fram.
 
 
 
Kjell Storelid har sjølv vore aktiv trenar i skeisegruppa dei siste seks åra, og fortel at det ikkje manglar på talent.
 
 
 
– Talent har ein heile vegen i gruppa. No treng dei rett oppfølging. Det er også viktig at dei har lyst, og at dei trivst med det, det er mykje trening i skeising. Og me er ein av dei store skeisegruppene i Norge, meiner Kjell Storelid.

Engasjement

Prisen for 100-årets idrettsnamn vart tildelt i regi av Stord IL og Mediehuset Sunnhordland. Dagleg leiar i Mediehuset Sunnhordland, Reidar Hystad, fortalde om eit stort engasjement blant folk som stemte fram vinnaren blant dei siste ti kandidatane. Spesielt over den siste veka.
 
 
 
– Det var lenge jamt, men som så mange gonger før, kom vinnaren sterkt på oppløpssida. Ingen stordabuar har ei merittliste som han, fortalde Reidar Hystad og drog fram mellom anna OL-sølv, NM-gull og 17 pallplasseringar i VM, EM og World-Cup, føre dei om lag 1300 frammøtte på Vikahaugane søndag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut