annonse

– Kjenner det godt i beina

RASKAST AV ALLE:
RASKAST AV ALLE: Lars Lunde kom aller først i mål på 10 km. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Lars Lunde, som spring for Stord IL, kryssa mållinja først på 10 km-løypa. Med tida 35.48 hadde han 13 sekund ned til nestemann, Andreas Vaagen frå Fri IL.

  • Vegard Agdestein

– Løypa var hard. Det skal bli vanskeleg å få veldig gode tider her, seier Lunde rett etter målgang.

– Spesielt frå enden av Ådlandsvatnet og til mål er det jo til ein viss grad kupert, så ein kjenner det godt i beina på slutten.

Lunde, som tidlegare har sprunge 10 km ned mot 31.00, var ikkje overraska over at han drog det lengste strået i dagens løp.

– Eg kjenner til ein del av dei sterkaste løparane i dette feltet, og det måtte nok skjedd noko uføresett om eg ikkje skulle vunne i dag, forklarer han.

– For meg blei dette ei terskeløkt, så eg kan ikkje seia at eg tok meg heilt ut, men tungt var det.

Neste utfordring for Lunde kjem allereie kommande onsdag. Då skal han i elden på 3000 meter i Arne Risa classics.

SJEKK ALLE RESULTAT FRÅ DEI TRE DISTANSANE HER

 
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut