annonse

Klar for Junior-EM

: Med tida 14.40 på 5000 meter er Lars Lunde klar for Junior-EM. Bilete er henta frå 3.000 meter under NM innandørs i Steinkjer tidlegare i år.

Lars Lunde trassa heitebølgja og klarte EM-kravet.

  • Thea Idsøe

I helga går Världsungdomsspelen av stabelen i Göteborg. I 30 varmegrader fredag kveld sprang Lars Lunde inn på tida 14.40 på 5000 meter. Med dette er han klar for Junior-EM i Eskilstuna i midten av juli.
 




Stigande form

–Det var utruleg tungt i varmen, og eg hadde ikkje venta å klara det, fortel Lunde til Sunnhordland fredag kveld. 
 
 

Med tida 14.40 klarte han EM-kravet for juniorar med ein margin på 5 sekund. Sist helg klarte 18-åringen NM-kravet då han sprang inn på tida 14.52.81 på Bislett under Norwegian Milers Club. 
 
 

– Då eg sprang på Bislett sist helg var eg sju sekund bak EM-kravet, men forma har vore konstant stigande dei siste vekene og dette har vore målet for sesongen, seier Lunde. 

Målet for sesongen

Løpsmaskinen har slite med skadar store delar av våren, og har ikkje dei store måla om pallplassering i Junior-EM. 
 
 

– I Eskilstuna møter eg dei beste på både 97- og 96-kullet i Europa. Eg er berre 18 år, og har ikkje anna mål enn å gjera mitt beste, seier Lunde. 
 

Laurdag 18. juli skal Lunde til Pers på EM-stadion i Eskilstuna. 
 
 

– Dette er utruleg kjekt. Å klara EM-kravet har vore målet til Lars heile sesongen. Det ligg mange timar trening bak dette, for prestasjonane kjem absolutt ikkje av seg sjølv, seier trenar Nils Hetleflåt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut