annonse

Klubben vil ha fleire padleglade medlemmer

KJEKT Å PADLA
KJEKT Å PADLA: Erle Victoria Drarvik Hansen (8 1/2) frå Litlabø synest det var så kjekt å padla at ho tok seg to turar i Sunnhordland padleklubb sine kajakkar under Stord friluftsfestival. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
FLYTEVEST ER VIKTIG
FLYTEVEST ER VIKTIG: Erle Victoria Drarvik Hansen (8 1/2) får hjelp av pappa Odd Nordmann Hansen til å stroppa fast flytevesten før ho padlar. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
KANOSTATIV
KANOSTATIV: Bydelsbloggarane har eit kanostativ kor folk kan låna kanoar gratis, ved å bestilla utlån på Facebook. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
IDYLLISK
IDYLLISK: Storavatnet er eit ypparleg padleområde. Det strekkjer seg frå Sagvåg og Litlabø vidare mot Valvatne og Vassenden, med nok av turvals-mogelegheiter, alt frå ein liten tur rundt ei av dei mange øyane, til ein lengre to-tre timars tur rundt heile Storavatnet. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
FIN TUR PÅ VATNET
FIN TUR PÅ VATNET: Terje Angen frå Sagvåg fekk seg ein flott tur i kano på Storavatnet. – Eg har padla her fleire gonger før, seier han. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
PADLEKLUBBEN
PADLEKLUBBEN: Rune Aga (t.h.) leiar i Sunnhordland padleklubb, og instruktør Jakob Hildebrandt-Paulin er glade for at padleskilta no byrjar å komma på plass på Stord, Fitjar og Bømlo. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
NØGD MED SKILTET
NØGD MED SKILTET: – Det er flott at me får vist fram den flotte naturen me har her, seier Odd Normann Hansen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
KAJAKKPADLARAR
KAJAKKPADLARAR: Etter at Sunnhordland padleklubb fekk på plass padleskilta i distriktet har terskelen for å ta seg ein padleturar blitt litt lågare. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
LOKALE PADLERUTER
LOKALE PADLERUTER: Infotavlene med turforslag finn ein i Fitjar, Stord og på Bømlo. (Foto: Statens kartverk/ILLUSTRASJON)

Erle Victoria (8 1/2) kosar seg med å padla kajakk på Storavatnet – no ønskjer padleklubben at enno fleire prøver seg på sporten.

Henrik Mundal Andreassen

I sommar kom informasjonstavlene til Sunnhordland padleklubb opp på fem forskjellige stader i distriktet. Først i Kråko ved dei flotte Fitjarøyane. Deretter på Brandasund og Finnåsvika på Bømlo, Føyno, og på Storavatnet.

FLYTEVEST ER VIKTIG
FLYTEVEST ER VIKTIG: Erle Victoria Drarvik Hansen (8 1/2) får hjelp av pappa Odd Nordmann Hansen til å stroppa fast flytevesten før ho padlar. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Under Stord friluftsfestival på grøntanlegget på Litlabø i juni, var Sunnhordland padleklubb sjølvsagt på plass med kajakkane sine, og saman med festivalen sine kanoar, fekk både store og små høve til å ta seg ein padletur ute på Storavatnet.

– Det er kjempegøy, og veldig nytt for meg å padla. Det er første gongen eg padlar, fortel Erle Victoria Drarvik Hansen (8 1/2) frå Litlabø.

KANOSTATIV
KANOSTATIV: Bydelsbloggarane har eit kanostativ kor folk kan låna kanoar gratis, ved å bestilla utlån på Facebook. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Nyttige informasjonstavler

Saman med pappa Odd Nordmann Hansen, som også har vakse opp i nærområdet, var det kjekt å få vera med på ein aktivitet som berre har blitt meir og meir populær med åra. Kajakk og kanopadling-aktivitetar her til lands har auka svært mykje i popularitet dei siste 15 åra.

– Eg trur kanskje eg har lyst å prøva ein annan kajakk til, held Erle Victoria fram, og leitar fram flytevesten att.

Informasjonstavla ved Storavatnet står ved innkøyrselen til grøntanlegget på Litlabø. Her ser ein eit kart over Storavatnet, i tillegg til forslag til padleruter.

LOKALE PADLERUTER
LOKALE PADLERUTER: Infotavlene med turforslag finn ein i Fitjar, Stord og på Bømlo. Foto: Statens kartverk/ILLUSTRASJON

– Heilt supert at ein legg til rette og får vist fram naturen me har her. Eg vaks sjølv opp her på 70-talet og det er masse flotte viker og område å oppleva på Storavatnet, seier Odd Nordmann Hansen.

Padling er for alle

Padleklubben var på plass med folk som hjelpte til under heile friluftsfestivalen. Dei nytta dagen til å visa fram til folk kva det er dei held på med. Sjølv om dei har stabile medlemstal i klubben, ønskjer dei likevel nye medlemmer velkommen. Turskiltprosjektet håpar dei senkar terskelen enno meir til padlesporten.

– Infotavlene med kart legg til rette for at enno fleire folk kan sjå korleis området ser ut, og sjå kva for fine ruter dei kan velja å padla. Me må jo hugsa på at det ikkje er alle som er lokalkjende, seier Rune Aga, leiar i Sunnhordland padleklubb.

Les også: Slik skal dei få fleire med seg ut i naturen

IDYLLISK
IDYLLISK: Storavatnet er eit ypparleg padleområde. Det strekkjer seg frå Sagvåg og Litlabø vidare mot Valvatne og Vassenden, med nok av turvals-mogelegheiter, alt frå ein liten tur rundt ei av dei mange øyane, til ein lengre to-tre timars tur rundt heile Storavatnet. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Tryggleiken kjem først

Padlerutene på dei fem infotavlene i Fitjar, Stord og på Bømlo er i ulike vanskeleggrader. Frå grønt (lettast) til blå (medium), raud (krevjande), og svart (ekspert). Inne ved land og på ferskvatna er rutene enkle og gode for nybyrjarar, medan ruter knytt til sjø og hav er vanskelegare med tanke på bølgjer og vindforhold.

PADLEKLUBBEN
PADLEKLUBBEN: Rune Aga (t.h.) leiar i Sunnhordland padleklubb, og instruktør Jakob Hildebrandt-Paulin er glade for at padleskilta no byrjar å komma på plass på Stord, Fitjar og Bømlo. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

– Kven som helst kan padla her i Sunnhordland, men me oppmodar naturlegvis alle som ønskjer å byrja med padlesport, om å bli med på grunnopplæringskurs i kajakkpadling, seier instruktør Jakob Hildebrandt-Paulin i Sunnhordland padleklubb.

Om ein ikkje har eigen padlefarkost, er det høve for å låna kano heilt gratis gjennom Facebook-sida Kanoutleige Storavatnet. Desse kanoane er klare til bruk, og står låste fast i eit stativ ved grøntanlegget på Litlabø. Om ein ønskjer å låna kajakk kan også Sunnhordland padleklubb hjelpa til, ikkje minst med tanke på fellesturar og kursverksemd.

Infotavler

Sylve Rusten, rådgjevar for idrett og friluftsliv i Stord kommune, som har vore ein av initiativtakarane til informasjonstavlene saman med padleklubben, fortel at alle dei fem infotavlene var på plass i mai/juni.

– Det er særs gledeleg at me får til eit slikt prosjekt på tvers av kommunegrensene. Vonar og trur fleire no vil freista denne flotte sporten, både turistar og lokale. Padleklubben har gjort ein fantastisk innsats med å få dette til, seier Rusten.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut