annonse

Lokale spelarar til uttakssamling

I form
I form: Ivar Utbjoe Andersland er klar for uttakssamling i Stavanger. Her frå ein reportasje i august. (Foto: Marius Knutsen)

Dei tidlegare Stord-spelarane Ivar Utbjoe Andersland (no TIF Viking) og Oda Løvø Steinsvåg (Sandnes) er teken ut til uttakssamling i Stavanger 21. til 25. oktober.

Ingvild Siglen Berger

Det skriv Stord Volleyball på si Facebook-side.

I Stavanger skal dei førebu seg til North European Volleyball Zonal Association (NEVZA) sin årlege meisterskap for U19 som går av stabelen i Kettering, England, frå 26. til 28. oktober.

12 spelarar per lag vert teken ut for å representera Norge i Kettering.

Ivar Utbjoe Andersland tok seinast sølv i U19-NM i sommar, saman med makker Eirik Åsmul som òg er teken ut til samlinga.

Les også:

Ivar (18) vil satsa på volleyball

Sølv i U19-NM i volleyball

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut