annonse

Meisteren innfridde – heimeaktørar overraska

: Benny Bel-Lafkih har stått på den nasjonale pétanque-trona i eit lite tiår. På grusen ved Nysæter ungdomsskule laurdag innfridde meisteren på ny.
(Foto: JARLE KALDRÅSTØYL)
: Full konsentrasjon. Tarjei Haga og Gudmund Yttredal utgjorde eitt av fleire Stord-lag då den nasjonale ranking­turneringa gjekk av stabelen laurdag.
(Foto: JARLE KALDRÅSTØYL)

Benny Bel-Lafkih har vore petanquen sin suverene meister her til lands dei siste 10 åra. Groruddølen svikta då heller ikkje på grusfeltet i Sagvåg i går.

  • Jarle Kaldråstøyl

Saman med makker Eli Gjengstø gjekk han strake vegen til finalen då Stord petanqueklubb avvikla nasjonal rankingturnering på grusbanen ved Nysæter ungdomsskule der største delen av den norske petaque-eliten var samla. Men om paret frå Groruddalen til slutt gjorde kort prosess i finalen så hadde også arrangørklubben god grunn for å gleda seg.
 
 
 
For den ferske klubben var dette storarrangementet eit gjennombrot både på arrangørsida og det sportslege.
 
 

Fantastisk helg

– Det har vore ei fantastisk helg, seier ein glad klubbleiar Arild Skjæveland.
 
 
 
Ikkje berre glei sjølve arrangementet fint også dei sportslege prestasjonane lokale utøvarar la for dagen gledde klubbleiaren.
 
 
 
– Banane var krevjande. Utfordrarane var av topp nasjonalklasse. Likevel gjorde fleire av våre lag det veldig bra. Lengst opp på lista kom Trond Sandvik og Helge Skjæveland som til slutt enda på ein flott bronseplass.
 
 
 
Les også: Byggjer petanquepark i Leirvik sentrum
 
 
 
 

 
 
Også Ola Odland og Tommy Kvarsvik fyrte av ei lita bombe då dei sette Rivosoa Nasoloiana frå Madagaskar og Michel Rey (Sveits) på plass med 13–2. Det var ein prestasjon som ville gjeve mange tusen i utbyte på Langoddsen.
 
 
 
Sunnhordland meiner: Ei kule for trivsel
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut