annonse

Natvik aktuell for Arna-Bjørnar

Jobbskifte?
Jobbskifte?: Remi Natvik frå Stord skal vera høgaktuell som trenar for Arna-Bjørnar sitt damelag i Toppserien. Garnes-klubben tok bronse i seriespelet i 2018. (Foto: MARIUS SIMENSEN / AAFK)

Stordabuen Remi Natvik (33) skal vera sterkt ønskt som ny hovudtrenar for Arna-Bjørnar sitt damelag i Toppserien.

Kjetil Østrem

– Ingen kommentar, seier Natvik, då Sunnhordland snakkar med han torsdag føremiddag.

Ny kontrakt

Natvik er hovudtrenar for Aalesund FK sitt andrelag og G19-lag, og skreiv så seint som i oktober under på ein ny kontrakt ut 2020 med oransjetrøyene. Men no melder Sunnmørsposten at han skal vera Arna-Bjørnar sin førstekandidat til trenarjobben på Garnes.

– For meg er AaFK inne i ein ny epoke. Det føregår vidareutvikling på mange område som no blir meir konkrete gjennom ein sportsplan. Klubben har eit kjempesterkt trenarteam, god kompetanse rundt a-lag og i utviklingsavdelinga. Det er utruleg mange som er engasjert i klubben, som mellom anna samlar seg i klubblokalet kvar gong det er bortekamp. Hjå desse, som har hjarta i klubben, er ein samde om at det ikkje er resultatjaging som er det viktigaste. Folk ser at det blir jobba med fokus på utvikling, og at klubben består av menneske som kvar dag legg ned ein kjempeinnsats for å vidareutvikla AaFK. Når det er ein sånn mentalitet i klubben, triggar det verkeleg meg som fotballtrenar, uttala Natvik i ei pressemelding i samband med signeringa.

To år

Natvik har vore i Aalesund FK i to år. Han har idrettsutdanning frå Norges idrettshøyskole, og UEFA B-lisensutdanning frå Norges Fotballforbund.

Det har ikkje lukkast Sunnhordland å få ein kommentar frå dagleg leiar i Arna-Bjørnar Fotball, Synnøve Lien.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut