annonse

No har Stord fotball ein jobb å gjera

SPENNANDE
SPENNANDE: Her har Stord-spelarane skjønt kva som har skjedd. Dei har sikra plassen i 3. divisjon, i siste sekund. (Foto: EIRIK STRØMME SPJELD)

  • Leiar

Ein meir dramatisk fotballinnspurt enn det me opplevde laurdag skal me leita lenge etter: Stord redda plassen i 3. divisjon heile fem minutt på overtid, og sneik seg dermed føre Os på tabellen. Målskilnaden var lik, men Stord hadde skåra fleire mål. Meir spennande går det ikkje an å gjera det.

Dei fleste som er opptekne av lokalfotball er glade for at det blei slik det blei. Det er viktig med eit fotballflaggskip i regionen, og truleg er det berre Stord som har ein organisasjon og fasilitetar til å takla ei slik rolle. Men årets sesong ber også bod om at dei som sit i styre og sportsleg leiing har ein stor og viktig jobb fram mot neste sesong. Den jobben er alt i gang, og her må ein læra av feila som vart gjort i fjor og i år, slik at Stord stabiliserer seg på nivået, og blir det naturlege valet for lokale talent som vil opp og fram.

Me gler oss også over at mange andre klubbar har hatt ein svært god sesong i år. Trott kjempa om opprykk til det siste. Solid og Trio rykkjer opp til 4. divisjon, og Rubbestadneset til 5. divisjon. Stord sine fotballdamer kjempa i toppen i 3. divisjon, og får neste år lokaloppgjer mot Solid/Trott att, som rykte opp frå 4. divisjon. Fleire klubbar har kjempa mot nedrykk, og sist helg vart det klart at Fitjar berga plassen. Viktig for ein klubb som no får opp nokre svært gode årgangar. Eit par klubbar må framleis hå nokre poeng for å halda plassen, medan årets store negative overrasking er Bremnes, som no rykkjer ned i 5. divisjon. Dermed har ikkje Bømlo herrelag som er betre enn på nivå seks i norsk fotball.

Sesongen går no inn i sin aller siste fase. Takk for i år, og me gler oss alt til neste sesong, med mange lokaloppgjer og Stord som det naturlege flaggskipet i regionen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut