annonse

– Os-protest bør avvisast

Følgjer med
Følgjer med: Tidlegare Stord-spelar Victor Aga (bak) meiner Os-klagen bør avvisast. Her med dagleg leiar Roger Matre i Stord fotball. (Foto: Arkiv)

– Skal likehandsaming gjelda i fotballforbundet må Os sin protest etter Aalesund 2-kampen, avvisast, seier Victor Aga.

Jarle Kaldråstøyl

Den tidlegare Fitjar- og Stord-spelaren viser til ein tilsvarande protest som skal ha spelt seg ut etter ein kamp mellom Fitjar og Lyngbø 2.

– I juni la Fitjar inn videobevis i protestsaka, sjølvsagt etter at 24-timarsfristen var gått ut. Konklusjonen blei at verken Fitjar eller Lyngbø 2, som hadde vunne kampen, fekk poeng og kampresultatet vart sett til 0–0, seier han.

– Så om kretsen skal likebehandla sakene, bør Stord ha ei god sak. Eg personleg meiner jo Lyngbø sitt overtramp er meir alvorleg, sidan dei oppgav namn på ein spelar som ikkje spelte, seier Aga.

Les også: Os-klagen kan vera sendt inn for seint

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut