annonse

Os-protest kan senda Stord ned

Nedrykkskrøll
Nedrykkskrøll: Malvin Ingebrigtsen og Stord vann både duellar og kampen heime mot Aalesund 2 i vår, men tapte borte i haust. Feilaktig bruk av spelar i AaFK2 kan no kosta Stord plassen i 3. divisjon. Arkiv (Foto: Jarle Kaldråstøyl)

Os har lagt inn protest mot Aalesund 2, noko som kan føra til at Stord rykkjer ned alt før siste serierunde.

Magne Kydland

Aalesund 2 skal ha brukt ein spelar som ikkje skulle ha spelt i helgas 2-2-kamp heime mot Os. Osingane har lagt inn protest, og vert den teken til følgje, vil laget truleg bli tilkjent sigeren.

Det betyr at Os reddar plassen, medan både Stord og Haugesund 2, som skal møtast i siste seriekamp laurdag, begge i praksis kan vera klare for nedrykk alt før siste serierunde.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka måndag kveld.

1. oktober starta Jørgen Hatlehol Aalesund sin kamp borte mot Sandefjord. To veker seinare starta han for toarlaget. Problemet er at det har vore landslagspause i mellomtida, og dermed skulle han ikkje ha spelt denne kampen. Ikkje berre spelte forsvararen, han skåra også AaFK 2 sitt 2-1-mål i oppgjeret.

Ifølgje dagleg leiar i Os, Endre Ove Brenne, er regelverket klart: Hatlehol hadde ikkje lov til å spela kampen.

– Me fann ut etter kampen at Hatlehol starta på førstelaget mot Sandefjord. Ut frå det har me levert inn protest til forbundet, seier Brenne til Sunnmørsposten.

I AaFK legg dei seg langflate. Sidan det var landslagspause med fleire andrelagskampar innimellom kopla dei ikkje at Hatlehol ikkje hadde løyve til spel i 3. divisjon.

– Vonleg vil ikkje dette ha noko å seia for nedrykk, seier toppspelarutviklar Remi Natvik – frå Stord – som nok må bita i seg orda.

Les også: Stord slo tilbake

For dersom protesten blir teken til følgje av NFF sine juristar er det nettopp det som vil skje. Blir Os tilkjent sigeren, ligg Stord og FKH 2 fem poeng bak før siste serierunde.

Einaste halmstrået er Brann 2, som ligg tre poeng føre, men som har 16 plussmål betre målskilnad enn Stord.

Det er truleg umogeleg å ta att.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut