annonse

Palmason ferdig som Stord-trenar

GIR SEG
GIR SEG: Jon Pall Palmason trenar Stord ut sesongen, så er det slutt. (Foto: Arkiv)

Stord Fotball og Jon Pall Palmason avsluttar samarbeidet etter 2019-sesongen, melder klubben i ei pressemelding.

Marius Knutsen

– Stord Fotball Ønskjer å takka Jòn Pàll Palmason for tida hans i klubben. Jòn er ein svært engasjert og kunnskapsrik trenar med mykje fotballkompetanse. Det er ingen dramatikk i at me er blitt einig om å avslutta samarbeidet, seier Skjalg Myklebust, styreleiar i Stord fotball.

Palmason har vore herrelaget sin hovudtrenar sidan 2016.

– Dei to første sesongane var det med små marginar laget klarte å behalde plassen i 3. divisjon. I sesongen 2019 har laget i periodar vore med å kjempa i toppen av tabellen, skriv klubben i pressemeldinga.

– Jòn har jobba knallhardt for at Stord sitt herrelag skal hevda seg i tredje divisjon. I tillegg har han involvert seg i andre lag og klubben som heilskap. Prestasjonane i år viser at Jòn har utvikla laget i positiv retning, seier Skjalg Myklebust.

Les også: Stord reiste seg

Jobben med å finna Palmason sin erstattar er allereie i gong.

– Eg har hatt eit flott tid i klubben, med mange gode resultat og spennande spelarar. Høgdepunktet har vore inneverande sesong der me verkeleg har fått vist at avstanden til dei andre laga ikkje er så stor som før. Det er tilfredsstillande. Før eg tar fatt på nye utfordringar, skal eg hjelpa laget til å komma så høgt som mogeleg opp på tabellen. Eg må til slutt rette ein spesiell takk til alle som har støtta meg og laget i tida på Stord. Det er mange, men Jon Andre Røyrane og Jan Aksnes må særleg trekkjast fram, seier Jòn Pàll Palmason.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut