annonse

Pernilla til topps i Djupadalten

Raskaste kvinne
Raskaste kvinne: Pernilla Epland vann det 9.3km lange løpet føre Maryna Novik og Kristine Lande Dommersnes. (Foto: PRIVAT)

Pernilla Epland kom nærast direkte frå 4.-plass i NM i terrengløp til å gjera kort prosess i kvinneklassen i Djupadalten.

Jarle Kaldråstøyl

Stord-løparen fekk notert slutt-tida 33.21 i den 9.3 km lange løypa. Med det vart ho raskaste kvinne i løpet som vart vunne av Ørjan Grønnevig frå Skjalg. Epland var 3.40 bak vinnartida og plasserte seg som nummer fjorten mellom 42 startande i løpet. 

Katrine Hillestad, som også spring for Stord IL, kom på 5.plass i kvinneklassen.

- Målet mitt var topp 10, så eg var nøgd med innsatsen, seier ho.

Lars Lunde kom inn til tida 30.30 og vart med det nummer fem i løpet totalt. Kim Laitinen som no representerer Voss enda på 11.-plassen med tida 32.57.

Junioren Ole Christer Kvellestad vart nummer 21 med tida 34.17. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut