annonse

Rekordstor NM-påmelding

Rekord
Rekord: Frå 21. til 24. juni blir det petanque-NM i Leirvik sentrum. Her frå ein tidlegare meisterskap. (Foto: -)

Magne Kydland

For første gong skal NM i pétanque arrangerast på Vestlandet. Fem år etter at Stord Petanqueklubb vart skipa i Grimsåsen er klubben arrangør for eit NM, og meisterskapen skal haldast midt i Leirvik sentrum, på Amfi-senteret torsdag 21. til søndag 24. juni.

Arrangørklubben melder no om rekordstor påmelding.

– 197 spelarar er påmelde til meisterskapen som skal gå over fire dagar. Me startar på torsdag 21. juni, med miks dobbelt og superveteran (+65). Fredagen er det singel- og presisjonsskyting, før den gjævaste – trippelen, går på laurdag. Der er det 52 påmelde lag (156 spelarar), noko som er rekord i Norge. Den førre rekorden står frå Holmestrand i fjor, då 50 lag spelte frå start.

Her skal kongepokalen delast ut. Søndagen er det open dobbelt, damedobbelt og veteran +55 som står på programmet, skriv Stord Petanqueklubb.

Medlemmene i klubben synest det er sort stas med så stor påmelding til den første meisterskapen på Vestlandet. Arrangørklubben er naturleg nok godt representert, i tillegg til Bergen.

– I tredje høgda på parkeringshuset ved Amfi-senteret skal me laga til 65 banar, og det er veldig stas om folk vil ta turen for å sjå på når noregseliten kjem til øya. Og forhåpentlegvis blir mange medaljar igjen på Stord, heiter det i pressemeldinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut