annonse

Solid får fornya tillit av NFF

Fornya tillit
Fornya tillit: Representantane fekk beviset på at dei er inne i Eat Move Sleep-varmen på Ullevaal stadion sist helg. (Foto: Privat)

Raudtrøyene er med i satsing for å betra folkehelsa.

Vidar Hope

I fjor blei fotballgruppa i Solid IL plukka ut til å vera ambassadørklubb for NFF og Bama si satsing for å betra folkehelsa. Gjennom konseptet Eat Move Sleep har klubben spreidd kunnskap og inspirasjon både i og utanfor Solid til glede for små og store.

I helga var representantar frå Solid på Ullevaal stadion der dei fekk bevis på at klubben skal vera ambassadør også i 2019.

– Solid fotball er ein motivert og engasjert klubb som er oppteken av sunne verdiar. Me er imponert over innsatsen dei la ned for å formidla Eat Move Sleep-bodskapen til spelarar, foreldre og nærmiljø i 2018, seier tidlegare keeperstjerne Frode Grodås i NFF i ei pressemelding.

NFF skriv at nordmenn, ifølgje helsemyndigheitene, bevegar oss generelt sett ikkje nok, me et for lite frukt og grønt, fisk og grove kornprodukt, medan me framleis får i oss for mykje sukker, salt og metta feitt. I tillegg søv ungdom mykje mindre enn anbefalt, samstundes som éin av fire vaksne slit med søvnproblem.

– Gjennom Eat Move Sleep er det mykje lettare å hugsa at ein bør ta bevisste val i kvardagen. Det hjelp oss til å ha det betre – ikkje berre på idrettsbanen, men også på alle andre arenaer som skule, jobb og fritid der ein er avhengig av overskot, konsentrasjon og godt humør, skriv Håkon Andersen i Bama.

Å vera ambassadørklubb er forpliktande.

– Dei siste åra har me gjort mange positive endringar, både i klubben gjennom året og under Eat Move Sleep cup. Til dømes har me bytta kaker med frukt på møta våre, og me har Eat Move Sleep som tema på alle våre møte med spelarar,

trenarar, foreldre eller styremøter. Under cupen sel me ikkje brus, berre sunne drikkevarer, skriv Solid si fotballgruppe.

I år skal klubben halda fram å motivera alle medlemmer til å følgja fotballgruppa sitt Eat Move Sleep-fokus:

  • Eat – et sunt, spesielt før og etter trening.
  • Move – sykla/gå til trening og kamp.
  • Sleep – mobilfritt soverom for heile familien.

Årets Eat Move Sleep cup blir arrangert i Hustrudalen helga 6. og 7. april.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut