annonse

Solid-Grethe fekk NFFs honorære leiarstipend

Stipendvinnar
Stipendvinnar: 16. februar mottok Grethe Fadnes Hansen NFF sitt honorære leiarstipend. (Foto: Solid)

Stipendet vert delt ut til personar som har bidrege med lang og tru teneste for klubb og krins.

  • Ingvild Eide

16. februar hadde Norges fotballforbund leiarmøte på Kokstad i Bergen, der dei delte ut NFF sitt honorære leiarstipend for 2017, til stordabu Grethe Fadnes Hansen.

Lang fartstid

Fadnes Hansen har vore med i Solid IL sidan eldstedottera byrja spela fotball på slutten av 90-talet, og var med som trenar og lagleiar i mange år. I tillegg vart ho raskt tillitsvald, først som ungdomsleiar og seinare nestleiar.

Gjennom dei siste om lag 15 åra har ho lagt ned ein solid innsats som frivillig i fotballkrinsen sitt arbeid, der ho har vore medlem i komitéar retta mot arbeid med klubbutvikling, leiarutvikling og fair play.

I tillegg har ho vore instruktør og rettleiar på krinsen sine leiarkurs og leiarprogram for unge.

I klubben har ho vore opptatt av at alle skal oppleva gleda ved å spela fotball, eller «rein glede» som er mottoet til klubben.

Sterkt engasjement

I 2007 stod Hansen sentralt i arbeidet då Solid søkte NFF om å få bli ein av ambassadørane til Bendit Cup.

Engasjementet rundt cupen har halde fram, og ho har bidrege til at turneringa har hatt høg deltaking og eit stort frivilligkorps.

Ho har òg arbeidd med å få på plass eit godt samarbeid mellom klubbane i lokalmiljøet, og har i mange år vore pådrivar for invitering til møte mellom leiarar frå dei ulike klubbane.

I tillegg har ho teke initiativ til kurs og samlingar i området, der ho har invitert fotballproffar, landslagstrenarar og fotballpresidentar ned til Sunnhordland.

Førebilete

I 2015 vart Fadnes Hansen tildelt æresmedlemskap, for sin langvarige innsats, engasjement og rolle som eit godt førebilete i klubben, i samband med 70-årsjubileet til Solid.

– Me gratulerer Grete Fadnes Hansen frå IL Solid som ein verdig og fortent mottakar av NFFs honorære leiarstipend, som er på 2.500 kroner, skriv Solid på klubben sine nettsider.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut