annonse

Solid skal få seia sitt om ny hall

REPRESENTERT
REPRESENTERT: IL Solid skal få vera med i prosessen med ny skule og fleirbrukshall på Nysæter. Snart er det klart for kva forslag som dei ulike kontora har levert. (Foto: SOLID / ILLUSTRASJON)

Rådmannen lovar at IL Solid også skal få vera med å seia sitt om den nye hallen på Sagvåg.

Olav Røli

Om kort tid vert det klar kva dei fem arkitektkontora, som skal levera forslag til ny ungdomsskule/fleirbrukshall på Nysæter, kjem fram til. Sverre Olav Svarstad (H) tok opp problemstillinga om kven som får vera representert i prosjektgruppa som skal kåra vinnaren, under formannskapsmøtet tysdag. Saka blei diskutert, etter at Svarstad viste til medieoppslag.

Rådmann Magnus Mjør viste til at det var føringar for ein slik plan og desingkonkurranse, mellom anna at det skulle vera eit tal med arkitektar i prosjektgruppa. Han sa også at kven som var i prosjektgruppa var noko som var politisk forankra, og noko IL Solid også har kjent til.

– Difor vart eg litt overraska over det engasjementet som kom i samband med saka. Men me skal alltids kunne gjera om på dette slik at også IL Solid kan få sagt sitt, sa Mjør.

Ordførar Gaute Epland (Ap) sa at han fann det naturleg at idretten var med på prosessen, sjølv om mykje av saka dreidde seg om ny skule.

Les også: Kjempar om å utforma nyeskulen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut