annonse

Sølv i U19-NM

SIKRA SØLV
SIKRA SØLV: Ivar Utbjoe Andersland (t.v.) og Eirik Åsmul fekk sølv i NM. (Foto: SVEIN ANDERSLAND)

Stordabu Ivar Utbjoe Andersland fekk sølvmedalje i sandvolleyball NM for U19.

Hilde Vormedal Nybø

Meisterskapen gjekk i Oslo i sist veke.

Andersland spelte i lag med makker Eirik Åsmul frå Eikelandsosen.

Dei to tapte 0–2 (21-23, 12-21) mot favorittane Brekke/Ringøyen i finalen.

– Det vart eit jamt og velspelt førstesett, der Ivar og Eirik varta opp med årsbeste med solid spel i angrep, blokk og forsvar, i tillegg til godt og stabilt servepress. Hadde settball, men marginane gjekk diverre imot. Andresettet vart prega av tapet i førstesettet, og dei klarte ikkje å komme opp på same nivået. Likevel ein god kamp, og sølv er hakket opp frå bronsen i fjor, skriv Stord Volleyball på heimesida si, der dei gratulerer dei to med sølvet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut