annonse

Sporten der ingen vert for gamle

: Volleyballen har framleis ein plass i kvardagen til Lorentz Kannelønning. Ein kveld eller to for veka dyrkar han sporten på Rommetveit. Han reknar med å vera attende på Hystad skule der ein kameratgjeng har halde det gåande i lengre tid, men der det har vore pause så langt i haust. (Foto: JARLE KALDRÅSTØYL)

– Spensten minkar med åra, men då berre seinkar me nettet og spelar vidare, smiler evigunge Lorentz Kannelønning.

  • Jarle Kaldråstøyl

Lorentz Kannelønning fekk sitt første møte med volleyballen i ein periode han jobba i Trondheim tidleg på 1980-talet. Han vart kraftig biten av basillen. Då han var attende på lærarrommet ved Stord ungdomsskule, fekk han god draghjelp av kollega Arve Blokhus. Dei to drog i gang volleyballaktiviteten på Stord.
 
 
 
I dag er 70-åringen framleis aktiv innan sporten.
 
 
 
– Heldigvis er dette ein sport som kan drivast på nær sagt alle nivå. Kjekkast er det når eg kjem saman med folk på mitt eige nivå. Utbytet vert størst når me kan tilpassa regelverket og få til jamne, spennande kampar, seier den pensjonerte skulemannen.
 

Vaks dei over hovudet

I si aktive karriere opplevde han å ta den rykande ferske volleyball-klubben på Stord nærast direkte til 2. divisjon.
 
 
 
– Etter at me kom skikkeleg i gang, gjekk det raskt oppover. Me hadde det fantastisk moro, men aktiviteten vaks oss over hovudet. Det å nå såpass høgt opp i divisjonane førte med seg mange kostbare reiser. Det vart for mykje for oss, seier Kannelønning.
 
 
 
Han er godt nøgd med den utviklinga og den plassen volleyballen i dag har i det lokale idrettsbiletet.
 
 
 
– Eg bøyer meg i alle høve i støvet for dei som i dag står bak og driv både gruppa og aktiviteten i volleyballgruppa. Dei gjer ein fantastisk jobb. Hadde eg engasjert meg i den avstemminga som eg tydelegvis har vunne, så hadde mi røyst gått nettopp til dei som engasjerer seg i barne- og ungdomsarbeidet i gruppa, presiserer Kannelønning.
 

Kameratgjengar

Då me først kontakta volleyballen sin ferske kandidat hundreårets idrettsutøvar i Stord IL, var han rask med å presisera at han ikkje lenger var aktiv innan sporten. Men etter kvart kom det fram at om han ikkje var del av seriespelet, så har han framleis glede av volleyballen.
 
 
 
– Me har vore ein gjeng som har samlast til uhøgtideleg trening i Hystad skule. Dei fleste i denne gjengen var med også då me spelte aktivt i 2. divisjon. I haust har aktiviteten her vore heller laber. Det har ført til at eg fekk innpass i ein volleyball-gjeng som heldt til på Rommetveit, seier Kannelønning.
 
 
 
Han avviser at volleyball ikkje berre er rein konkurranse utan det heilt store fysisk utbytet.
 
 
 
– For dei som vil går det veldig godt an å få fram sveitten. Det er berre å engasjera seg og ta tak. På ei anna side går det også an å lura seg unna og ta til takke med det sosiale utbytet. Volleyballen har mange sider ved seg. Det er hobbyvolley-arrangementa eit godt bevis på. Der er det både sveitte, engasjement og humør, seier Lorentz Kannelønning.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut