annonse

Sterk prestasjon av Julian (15)

Rask
Rask: Julian Skimmeland Aasheim med vinnartid på 300 meter hekk. (Foto: Nils Hetleflåt)
Høgde
Høgde: Sofie (14) hoppa 1,54 meter. (Foto: Nils Hetleflåt)
På pallen
På pallen: Ariel Christensen (13). (Foto: Nils Hetleflåt)
100 meter
100 meter: Jacob Vaula (17). (Foto: Nils Hetleflåt)
14,03
14,03: Det er ny pers for Julian S. Aasheim på 100 meter hekk. (Foto: Nils Hetleflåt)

Den tredje beste tida på 300 meter hekk i Norge for 15-åringar.

Vidar Hope

Stord IL-utøvarane oppnådde sterke resultat på Karabinlekene på Fana stadion i helga.

Julian Skimmeland Aasheim (15) sprang 300 meter hekk på tida 39,63 og det er den tredje beste tida gjennom tidene i Norge for 15-åringar. Aasheim vann i tillegg høgde med 1,81 m, 100 m på tida 11,84 og 100 m hekk på 14,03. Alle resultata hans i helga var nye personlege rekordar.

Ariel Christensen (13) vann 60 m med tida 8,61 og det var ny personleg rekord.

Sofie Skard (14) vann høgde med resultatet 1,54 m, på 60 m hekk vart det andreplass med tida 10,10, og i spyd vart det fjerdeplass med resultatet 21,09. Alle resultata til Sofie var nye personlege rekordar.

Erlend Kringeland (15) sprang inn tilandreplass på 2000 meter med tida 6,24,93 og det var var ny pers.

Jacob Vaula (17) sprang inn til tida 11,19 på 100 m (+2,2 m/s) og 23,30 på 200 m. Det heldt til andreplass på begge distansar, opplyser trenar Nils Hetleflåt.

Fleire bilete i karusellen i toppen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut