annonse

Stord-boksarar slo til i Bergen

VANN
VANN: Både Alexander Sæther og Skjalg Zaneski vann sine kampar under The Vikings Return i Bergen. (Foto: PRIVAT)

Både Skjalg Zaneski og Alexander Sæther vann sine kampar.

Marius Knutsen

– Me hadde to utøvarar med under Bergen Boxing stevne 8 – The Vikings Return, skriv Heiane bokseklubb på Facebook.

I vektklassen 75 kg debuterte Skjalg Zaneski og gjekk sin første kamp nokosinne mot ein meir rutinert motstandar.

– Skjalg fekk fotfeste utover i kampen, og styrte det som skjedde. Han gjekk hardt til verks når mogelegheita var der, skriv klubben.

Etter å ha gjeve motstandaren sin tre teljingar i den tredje runden, stoppa dommaren kampen. Debutanten Zaneski fekk difor sin første siger.

Knuste motstandaren

I vektklassen opp til 91 kg fekk Alexander Sæther ein tøff start i sin kamp.

– I den andre runden gjekk Sæther ut og gav motstandaren sin to teljingar. Det blei hakket for sterkt for motstandaren som valde å kasta inn handkle. Me gratulerer begge utøvarane våre med storslagne sigrar, skriv bokseklubben.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut