annonse

Stord-gjengen leverte

Erlend H. Kringeland, Anna solheim, Julian S. Aasheim, Martin Schei og Vegard Havn. Framme f.v.
POSITIV HELG: Sofie Skard, Brittanna H. Balchen og Sverre Stautland, (Foto: PRIVAT)

I helga vart dei årlege Framloleikane halde på Fana stadion i Bergen. Stord IL stilte med ein tropp på 16 deltakarar.

  • Marius Tollaksen

Under fine forhold oppnådde Stord-utøvarane mange flotte plasseringar og nye personlege rekordar.

Blant dei som kunne jubla var Julian S. Aasheim. Han vann 100m i G-16 på tida 11.69, som er ny personleg rekord. Han sprang seinare på dagen inn til tida 11.77 i superfinalen på 100m.

Erlend H. Kringeland (16) vann 3000m på 9.20.36 som er ny pers for han. Martin Schei (19) vann 3000m i sin klasse på tida 9.26.87, noko som er ny pers for han.

Sofie Skard vann jenter 15 år på 80m hekk med tida 13,02, Anna Solheim vann diskos jenter 15 år med 33,87m, og Sondre E. Øvrebø vann diskos i senior menn med 36,86m.

Alt i alt ei veldig positiv helg på Vestlandets største friidrettsstemne for barn og unge.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut