annonse

Storsiger mot San Marino

Kom inn
Kom inn: Einar Iversen (framme til høgre) starta på benken mot San Marino, men kom inn etter 70 minutt. (Foto: NFF/ARKIV)

Einar Iversen starta på benken då Norge slo San Marino 8–1.

Magne Kydland

Sjølv om det var San Marino som overraskande tok leiinga i kampen, hadde ikkje det norske G18-landslaget noko problem med å slå lilleputtstaten i andre kampen i EM-kvalifiseringa, som går føre seg i Tsjekkia.

Etter kvilen scora dei norske unggutane heile seks gonger, og vann til slutt 8–1.

Dermed står Norge med full pott før møtet med heimelaget tysdag. Onsdag slo dei Aserbajdsjan 1–0.

Einar Iversen starta på benken, men kom inn etter 70 minutt. Då leia Norge 6-1, og ifølgje kampreferatet på fotball.no hadde Everton-spelaren nokre gode involveringar dei 20 minuttane han fekk spela.

Kampen mot Tsjekkia blir ein rein gruppefinale, men uansett resultat går Norge vidare til neste runde, den såkalla eliterunden i kvalifiseringa.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut