annonse

Talenskulen fekk besøk av Everton-Einar

Gjævt besøk
Gjævt besøk: Desse unge fotballspelarane sette stor pris på å få besøk av Einar Iversen. Det er ikkje så mange år sidan han sjølv var ein del av Talentskulen. Eskild S. Yttredal (bak frå venstre), Sander K Østraat, Martin Alvsaker, William Litlehamar, Cille Nilsen, Einar Iversen og Leo R Aasheim. Lars Vidar Valvatne (framme f.v.), Albert Hystad, David Ruger, Lasse R Eide og Mathias Henriksen. (Foto: TALENTSKULEN)

Talentskulen fekk storfint besøk fredag.

Magne Kydland

Fredag morgon fekk talentskulen besøk av tidlegare elev, no Everton-spelar, Einar Iversen.

– Einar er ein snartur heimom Stord, og tok seg tid til ein tur oppom morgonøkta til Stord sin talentskule. I fotballstova før trening fekk elevane høve til å stilla spørsmål kring opplevingane som Einar har fått vore ein del av gjennom akademiet til Everton og ikkje minst landslagssamlingar. Han delte villig vekk viktige erfaringar som han har vert igjennom på vegen til fotballdraumen! Einar er i ferd med å oppnå draumen, og skapte sikkert ein del draumar og mål for spelarane på talentskulen denne morgonen. Einar viser igjennom å stilla opp for dei yngre, at han er audmjuk overfor sine egne prestasjonar, han er ein svært god ambassadør for Stord og Stord Fotball! Heile gruppa ynskjer han lukka til vidare, og håper at fleire kan få oppleva same suksessen på fotballbanen som Einar har fått til. Draumen lever! melder Stord Fotball sin talentskule i ein e-post til Sunnhordland.

Les også: Einar Iversen er ute med skade

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut