Tidlegare landslagsmålvakt skal inspirera

I forkant av Eat Move Sleep-turneringa som går av stabelen i regi av Solid kommande helg, kjem tidlegare landslagskeeper Frode Grodås (biletet) til Sagvåg for å samlinga «Ein betre trenar med NFF og Eat Move Sleep».
Trenarar og målvakter i alderen 13-17 år er invitert. Før helga var 17 keeperar frå Trott, Stord og Solid sine ungdomsavdelingar påmeldt, opplyser Solid-sjef Grethe Fadnes til Sunnhordland.
«På feltet vil Frode Grodås visa korleis ein på ein god måte organsiserer og gjennomfører keepertrening. Etterpå vert alle spelarar, trenarar og foreldre ønskt velkommen til foredrag inne i Solidhuset. Der vil Frode Grodås komma med fleire fotballfaglege råd, svara på spørsmål og fortelja kvifor me alle vil ha glede av å etterleva tipsa i Eat Move Sleep», skriv Fadnes.
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.