annonse

Tilbyr gratis aktivitetsveke for born mellom 8-13 år på Stord

FØRSTE GONG
FØRSTE GONG: Arrangementet blei arrangert for første gong i fjor. I år håpar arrangørane på endå fleire deltakarar. Her spelar Thale Haukefær (10), Kathrine Sjo (17) og Maria Bathatho (11) bandy. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Serverer også lunsj og frukt.

Marius Knutsen

Hordaland idrettskrets, Norges Fotballforbund og Norges Håndballforbund har slege seg saman om å tilby gratis ferieaktivitetar for born og unge mellom 8-13 år.

– Fokuset er å tilby idrettsglede og gode ferieminner til deltakarane, skriv forbunda i ei pressemelding.

Måndag 22. til fredag 26. juli går arrangementet av stabelen på Stord.

– Aktivitetane vil innehalda innføring og spennande øvingar innan fotball, handball, basketball, volleyball, friidrett, symjing og mykje anna, heiter det i pressemeldinga.

Deltakarane vil også få lunsj og frukt.

– Dette er eit veldig bra tilbod for born og unge i Stord-samfunnet. Tiltaket blei også arrangert i fjor, men då var det færre deltakarar enn ønskjeleg. I år har me difor skrive invitasjonen på både norsk, engelsk og arabisk, seier Susan Abdallah (Ap), leiar i kontaktutvalet for innvandrarar og flyktningar i Stord kommune.

Les også: Slik var det på aktivitetsveka i fjor sommar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut