annonse

Triumferte i Leikvanghallen

: Lars Lunde fekk opp stemninga i hallen då han avgjorde mile-løpet med ein råsterk siste 400-m. Hans nye kretsrekord på ei engelsk mil U 20 er på 4.22.78. (Foto: norsk-toppsport.no)

– Dette kom overraskande, sa Lars Lunde etter å ha teke over kretsrekorden U 20 på ei engelsk mil.

  • Jarle Kaldråstøyl

– Ein fargerik løpar som visste å laga litt show og få opp stemninga i hallen, i tillegg til at han også presterte så det heldt, seier Jørgen Pettersen i norsk toppsport.no.
 
 
 
 

Gjennomkøyring

I helga var han vitne til at Lars Lunde flytta kretsrekorden for U 20 på ei engelsk mil (1609 meter). Sjølv var Stord-løparen skikkeleg overraska over at det gjekk så fort i Leikvanghallen.
 
 
 
 
– Eg følte vel ikkje at eg hadde fått gjort heimeleksa mi så godt som eg kanskje burde. Store periodar i november og desember gjekk eg skada og kunne ikkje trena skikkeleg. Onsdag var eg i Haugesund og fekk meg ei gjennomkøyring der. Akkurat den gjennomkøyringa kan nok vera forklaringa på oppturen i helga, seier Lunde.
 
 
 
 
Han gjev også litt av æra for rekorden til det sterke feltet i Leikvanghallen.
 
 
 
 

Avgjerande siste 400 m

– Eg fekk god pes heile vegen. Tre av løparane i feltet skilde seg ut. Det er snakk om folk eg vanlegvis vil ha problem med å få bak meg. Rett nok hadde ingen av dei sprunge 1500 meter tidlegare. Største delen av løpet låg eg som nummer tre. Men mot slutten slo eg til. Siste 400-meteren gjekk unna på 58.3. Det gjorde at eg fekk avgjort løpet til min fordel som det heiter, seier Stord-løparen.
 
 
 
 
Vinnartida i Leikvanghallen er også ei betring av hans personlege rekord med heile åtte sekund.
 
 
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut