annonse

– Utruleg kult

Stort
Stort: Mats Mikkelson Sæther saman med landslagssjef Christian Berge. (Foto: Pressefoto)
Helt
Helt: Handballprofil Joakim Hykkerud og unge Mats frå Stord. (Foto: Pressefoto)

Mats Mikkelson Sæther er maskot for det norske handballandslaget og følgjer ekstra godt med på sin eigen mentor Eivind Tangen under EM i Kroatia.

Vidar Hope

Heime på Stord sit ein spent gut under EM i handball for herrar. Mats Mikkelson Sæther har som ein av 16 blitt valt ut til å vera «Minihåndballgutt» og maskot for herrelandslaget.

«Minihåndballgutta» er eit samarbeidsprosjekt mellom Gjensidige og Norges Håndballforbund. 750 gutar søkte om å få bli «Minihåndballgutt» i 2018.

– Det var utruleg kult at eg fekk lov til å vera «Minihåndballgutt», no gler eg meg veldig til å sjå dei i EM. Og så blir det kjempegøy at Eivind Tangen kjem for å trena oss, seier Mats i ei pressemelding sendt frå pappa og trenar Aksel Sæther.

Helt
Helt: Handballprofil Joakim Hykkerud og unge Mats frå Stord. Foto: Pressefoto

Stordabuen var i desember i Oslo på landslagsuttak til EM, der dei fekk møta landslagssjef Christian Berge, Joakim Hykkerud og Espen Lie Hansen. Dei får også vera med på ei spelarsamling og ein landskamp. Det største er likevel at Eivind Tangen i løpet av 2018 kjem til Stord for å trena Mats og lagkameratane hans på Stord sitt G10-lag.

– Herrehandball er i siget, og interessa aukar med drahjelp av dei gode prestasjonane til landslaget. Bakgrunnen for prosjektet er at me nettopp ønskjer å auka merksemda om gutehandball og støtta opp om rekrutteringa, seier Stian Grøstad, som er sponsorsjef i Gjensidige, i pressemeldinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut