annonse

Vinden herja på Vikahaugane

SKUMLE METALLSKILT
SKUMLE METALLSKILT: Vinden herja og reiv med seg reklameskilt på Vikahaugane 1. nyttårsdag. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Røska tak i svære metallskilt inne på idrettsområdet.

Henrik Mundal Andreassen

Medan Sunnhordland intervjua fritidsløparane Svein Olav Langåker og sonen Johannes Langåker på Vabakkjen 1. nyttårsdag kom det fleire vindkuler over området.

Nyttårsdagen hadde då vore ei vindfull oppleving sidan nyttårsnatta, med vindstyrke opp mot sterk kuling på Stord. Midt i intervjuet oppstod det ei fælt leven frå Vikahaugane, der eit par svære reklameskilt i metall på om lag 1x4 meter flaug av garde i vinden attmed kunstgrasbana.

Heldigvis var det tomt på banen, og ingen personar vart trefte, men både ballnetting og nettingstolpar fekk seg ein trykk. Reklameskilta losna frå festa sine, og eit par nettingstolpar vart riven ut av fundamenta sine rett bak Stord fotball sine spelarbenk-skur. Bjørn Lindgård, dagleg leiar i Stord IL, fortel til Sunnhordland at han har varsla Stord Fotball om hendinga.

Les også: Fekk snø under skia i Røldal

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut