annonse

Åtte vil bli rektor

Søkjar
Søkjar: Anne Lene Østvold Jordåen. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Ingvild Siglen Berger

Åtte personar, fem kvinner og tre menn, har søkt jobben som rektor ved Stord vidaregåande skule. Det skriv Stord24. Astrid Haugland gjev seg nemleg som rektor etter seks år når ho skal pensjonera seg til våren. Denne veka gjekk søknadsfristen ut, og søkjarane i tilfeldig rekkjefølgje er: 1. Anne Lene Østvold Jordåen (45), Stord, rektor ved Stord kulturskule (biletet), 2. Bente Raknes (53), Tysnes, rektor ved Uggdal skule, 3. Tor Inge Kalstad (46), Haugesund, avdelingsleiar elektro/påbygg ved Karmsund videregående skole, 4. Erik Henneli (50), Stord, avdelingsleiar for yrkesfag ved Stord vidaregåande skule, 5. Inger Alise Lothe (57), Stord, kontaktlærar, 6. Mirjana Stanojevic (26), Serbia, assertive communication coach, 7. Asbjørn Mæland (56), Bømlo, rektor ved Bømlo vidaregåande skule og 8. Katrine Hausberg (45), Bergen, barnehagestyrar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Dette er ei beta-side for Sunnhordland og Stordnytt si satsing på superlokale nyheiter. I denne feeden vil me visa fram kva som skjer i krikar og krokar i Stord og Fitjar. Me set pris på innspel til korleis du meiner sida bør fungera og sjå ut.

Send oss gjerne bilete eller tips om dei små tinga som skjer rundt i nærområdet ditt.