Fem av seks moglege hjarte for Belsvik
«En av årets mest følsomme barnebøker», er tittelen bokmeldar Guro Fjeldberg set på ein lengre omtale av nyaste boka til Rune Belsvik i Bergens Tidende. Den heiter «Fugleguten» og fortel i romans form om Lukas som er akkurat stor nok til klatra opp i eit tre etter ein fugleunge, men for liten til forstå korleis han skal ta seg av han.
BT-meldaren peikar innleiingsvis på den store påverknaden Disney har på sogeformidling til dei yngre. Og skriv: «Da minker sjansen for at en annerledes fortelling som «Fugleguten» når ut til det publikum den fortjener». Fjeldberg gjev Belsvik fem av seks moglege hjarte og avsluttar omtalen med sterke ord i Belsvik-favør.
«Barnebokmarkedet er dominert av plotsterke spenningsbøker med lett karikert preg – helt i Disneys ånd. Mens norsk litteratur eksporteres som aldri før, må nok Belsvik nøye seg med innkjøp til norske bibliotek. Det er ikke bare synd for han. Det er synd for verden.»
Samlaget står for utgjeving av «Fugleguten».
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.